Startpage





download musicfile

Du
Doggfall i ein dal : dikt 1966.



Du sparte deg ikkje.
Berre når du fekk gje,
var du lykkeleg.

Krafta di gav du til andre;
meir kraft enn du åtte sjølv,
gav du.

Du fekk nye krefter ovafrå,
ein stad der løynde kjelder spring.
Du kravde berre ein ting:
Lov til å vera lykkeleg
ved å gje!

Ein dag gav du ikkje som før.
Hjartet ditt stana;
auga let seg stilt att
over eit himmelsk lysblenk,
- det siste.

Vi bar deg bort
med sorg og med takk.
No var det vi som gav,
trudde vi.

Men det var d u som atter gav
- deg sjølv til jorda.
Blomane du skulle hatt,
bad du oss sende til andre,
sparte pengar til heimlause born.

No sit eg og ser på tuva di
ved Stiklestad kyrkje.
Det er sommar under bjørkene.
Raude roser gror.
Dogg blenkjer på alle blad i morgonsol.
Det blenkjer i doggdropane -,
blenkjer som frå auget ditt.

Så er du her enno i dei
og gjev, gjev, gjev
gjennom ditt stille minne,
helst når eg kviskrar
ditt heidersord:
M   O   R   !




Til opplysning om diktet:

Morfar Bjarne skreiv diktet i 1966, og var då på grava til mor si Bergitte Slapgaard Grindberg. Ho var fødd i 1866, og morfar Bjarne markerte truleg hennar 100 års dag. Ho er gravlagt på Stiklestad kyrkje saman med stefar til morfar Bjarne; Ola Grindberg og systra til morfar Bjarne; Petra Marie Slapgård. Morfar Bjarne hadde også systera Borghild. Ola Grindberg hadde fem barn frå før, og Bergitte hadde tre - så det vart ein barneflokk på åtte.
Referanse frå mi mor Torhild Hamnes Slapgard.


skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.